Siste

Historielaget er 25 år

29. oktober er det 25 år sidan Tasta historielag blei starta, og der 48 skreiv seg inn som medlemmar på første møte. I dag er me 150 medlemmar.


Med den aktivitetsstruktur me har hatt og har i laget, vil dette bli 100 møter, 50 vandringar og 25 sommarturar. Dette er mesten korrekt, men grunna pandemien blei nokre arrangement i 2020 og 2021 avlyste/utsette.

På leit etter røtene har me hatt god hjelp av arkeologar. På første møte i 2001 var det arkeolog Jens Flemming Krøger som hadde foredrag om utgravingane og funna på Rustå, og på møte den 28. oktober vil arkeolog Even Bjørdal snakka om utgravingane på Eskelandsgardane og på garden til Ådnesen, rett ved dagens E39, og der den nye vegen skal komma.

Av dei snart 100 foredraga me har hatt, er godt over 40% med ein link til eller om Tasta, der temaet er henta fra bygdå eller at foredragshaldaren er frå Tasta. For vandringane er prosenten omtrent den same, av 48 er ca 40 % på Tasta. Av 22 sommarturar er tri til nabofylka, medan 19 er til 16 av fylkets kommunar.

Historielaget er saman med dei andre laga i byen godt i gang med den interaktiva bygdeboka, og i løpet av vinteren vil historia om Tasta vera på plass.


Alle er velkomne til å vera med på arrangementa våre.

Hva tenker du
Tastavis - Din lokalavis for Tasta oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.