Siste

Historielaga satsar på ungdomane

Det kan høyrast ut som ei sjølvmotseiing, då historielagsarbeid og interesse for det som var blir forbunde med godt vaksne og gråhåra personar. Dette er positivt feil, då alt er historie, og historie er for alle. I arbeidet med alt som var, enten det er bygningsvern eller slektsgransking, så er det det som har forma oss, og identiteten vår det er snakk om.


Ungdomane som veks opp vil og på eit tidspunkt både spørja og føla trong for å veta om bakgrunnen til seg sjølve og dei neraste rundt seg, ein er identitets-søkande, og her er lokalhistoria ei viktig kjelde for å finna ut av dette. Ein del er heldige og har besteforeldre rundt seg eller i nerleiken, og har såleis ei kjelde for mykje av det ein vil veta, men urbaniseringa kan og føra med seg at ein ikkje har denne kontakten så tett som før.

Dette med å legga stoff inn i den interaktiva bygdeboka på lokal-historiewiki kan for enkelte synas vanskeleg, då dette med data og pc er ein barriere. Men her tar me ungdommane med som skriverar for dei eldre, enten dei er barnabarn av eldre medlemmer i laga, eller som hjelp for dei som ikkje har denne ressursen lokalt. Då får ungdommane også med seg litt lokalhistorie på ein flott pedagogisk måte, med både å høyra, lesa og skriva.

  «Ein del er heldige og har besteforeldre rundt seg eller i nerleiken, og har såleis ei kjelde for mykje av det ein vil veta...»

Marthe Holgersen Kjørkleiv i Rogaland fylkeskommune.
  • Punkt 1...


Korleis kan kulturminne og historier i nærmiljøet brukast aktivt i undervisninga?
Rogaland fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Stavanger utviklar no eit nytt undervisningsverktøy som skal gjera det enklare for lærarar å ta i bruk kulturarv i skulekvardagen.

Prosjektet «Fortid i samtid» rettar seg mot lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring. Målet er å utvikla eit praktisk og lågterskel verktøy som viser korleis kulturminne, stader og forteljingar kan brukast som læringsressursar på tvers av fag og trinn. Rettleiaren koplar arbeid med kulturarv til kompetansemåla i skulen, og skal gjera det lettare å bruka lokale kulturmiljø i undervisninga – anten det handlar om historie, identitet, demokrati, berekraft eller utforsking av nærmiljøet.

Kulturminner finst overalt rundt oss – i bygningar, landskap, industrimiljø, naust, gravhaugar, vegar og kvardagslege stader som mange passerer utan å tenkja over det. Gjennom prosjektet ønskjer fylkeskommunen å visa korleis slike stader kan bli levande læringsarenaer.

Rettleiaren skal bidra til å gjera undervisninga meir stadsnær, utforskande og relevant for elevane, samtidig som ho gir lærarar konkrete verktøy som er enkle å ta i bruk.
– Me håpar prosjektet kan inspirera fleire til å bruka kulturarv som ein naturleg del av undervisninga. Når elevar arbeider med stader og spor frå nærmiljøet sitt, blir historia ofte meir konkret og relevant, seier rådgivar Marthe Holgersen Kjørkleiv i Rogaland fylkeskommune.

Det er no utvikla eit første kunnskaps- og arbeidsgrunnlag for rettleiaren. Erfaringane frå piloten som skal testas dette skuleåret, skal brukast til å vidareutvikla både innhald, struktur og formidling. Ambisjonen er å utvikla eit verktøy som opplevest nyttig og realistisk å bruka i ein travel skulekvardag.

Les mer om:

historie tasta historie
Les også