Leserinnlegg: Ungdom hjelper

Del på Facebook
Ingrid Schjelderup

Det er juni strålande vær. Eg må koma meg ut. Set meg på den elektriske scooteren og køyrer over brua bort til friområdet. Gløymde telefonen, men med piggstavane` går eg ein liten tur til ein stad der eg kan settja meg med kaffi på termos. Å, så godt å få vera ute i naturen!

Scooteren står der eg sette han, men no er det gale med styringa. Den vil berre gå over til venstre. Eg presser så godt eg kan for å halda meg på vegen. Men i det eg sjanglar over gata forbi Reinskaui, stoppar det ein ungdom med ein flott glinsande motorsykkel . «Du har punktert»,seier han . Åh, kva i all verda skal eg gjera ? Eg skal hjelpa deg, seier han. Sit her og ta det med ro, så køyrer eg bort til bensinstasjonen og kjøper skumgass til hjulet. (Scooteren hadde han dradd tilsides så det ikkje hindra trafikken).

Mens eg sat der kom det ein annan ung mann og ville hjelpa. Han budde i nærleiken og gjekk fram og tilbake og henta tang og filler og til sist ei stor pumpe . Då dei hadde fått så pass mykje luft i dekket, sa den unge motorsyklisten at no kunne eg køyra forsiktig heim, han skulle køyra etter bak og sjå om eg kom godt fram.
Eg kjenner ikkje desse to og hadde ikkje med meg til å skriva namna, og ikkje pengar til å betala kjøpet. Men kva i all verda skulle eg ha gjort om ikkje desse to hadde stoppa og brukt tid og pengar til å hjelpa?
Eg skulle gjerne visst kven dei er, men eg vil i alle fall få seia TUSEN TAKK!

Ingrid Schjelderup 89år.