Har det eigentleg skjedd noko viktig her på Tasta?

Historie er utvikling: Leserinnlegget setter spørsmålstegn ved om skolene ser mulighetsrommet lokalhistorien gir dem til å gjøre opplæringen mer praktisk og relevant.
Del på Facebook
Når unge menneske ikkje kjenner historia til staden dei veks opp i, mistar dei også noko av språket for tilhøyrsel, identitet og forståing av samfunnet rundt seg. Me seier at skulen skal danna.

Ivar Andersen  – leserbrev

At elevane skal utvikla demokratisk kompetanse, kritisk tenking og evne til å skapa. Likevel er undervisning i historie  som om den alltid finst ein annan stad: i andre land, andre tider og andre menneskes liv.

Då er det ikkje rart at faget kan opplevast viktig i teorien, men fjernt i praksis. Derfor bør lokalhistoria få ein tydelegare plass i skulen.

Klubbhus Byens og bygdas historie er viktig
Lokalhistorie er så mykje meir enn berre fortid! Lokalhistorie er viktig. Likevel blir det ofte behandla som noko me berre arbeider med dersom det blir tid. Det er synd, for nettopp lokalhistoria kan gjera historieundervisninga meir konkret, relevant og meiningsfull for elevane. 

Den hjelper dei å forstå at samfunnet ikkje berre er noko som «finst», men noko som har vorte til gjennom menneskes val, konfliktar, arbeid og makt. 

Her finst historia overalt. Bygda rommar forteljingar om kystkultur og handel, industri, migrasjon og store samfunnsendringar knytte til olja. Når elevar får arbeida med slike spor i nærmiljøet sitt, skjer det noko anna enn når historia berre blir lesen om i læreboka. Fortida kjem nærare.

Det er også her identitetsarbeidet starte. Tilhøyrsel handlar ikkje berre om å vera stolt av staden ein kjem frå. Det handlar også om å forstå historiene som har forma det. Når elevar får arbeida med menneske og hendingar frå sitt eige nærmiljø, kan dei utvikla eit historisk medvit som synleggjer at notida er eit resultat av tidlegare val og prosessar, både i familien og i bygda.  

Dei ser at samfunnet kunne vore annleis, og at det framleis kan forandrast. Elevar som forstår at verda rundt dei er skapt av menneske, får også lettare auge på at dei sjølv kan vera med på å forma framtida.
Historie blir då ikkje berre noko ein lærer om, men noko ein tenkjer med, ei demokratisk innsikt.

Risikerer å undervurdera elevane Lokalhistorie opnar dessutan for undervisning som engasjerer på andre måtar. Kreativitet i skulen handlar ikkje om underhaldning, men om å undersøkja, tolka, skapa og formidla.

Når elevar arbeider med lokalhistoriske tema, kan dei laga podkast, skriva forteljingar, undersøkja kjelder, bruka kart, laga digitale presentasjonar eller formidla funn gjennom utstillingar og dramatisering. Slik blir dei aktive deltakarar i kunnskapsarbeidet, ikkje berre mottakarar. For dersom målet er at
elevane skal oppleva relevans, tilhøyrsel og meining, er lokalhistoria nettopp eit av dei
sterkaste utgangspunkta me har. Skulen skal sjølvsagt gi elevane kunnskap om verdshistoria. Men ein skule som ikkje også gir dei språk for å forstå sin eigen stad, risikerer å undervurdera både elevane og faget.

Om me meiner alvor med å høyra til, identitet og demokratisk danning, bør lokalhistoria få ein sterkare plass. Ikkje som noko ekstra, men som ein naturleg inngang til historieundervisninga.

Historia finst allereie rundt oss. Spørsmålet er om skulen lèt elevane få auge på den?

På bruken av historielaget si heimeside kan me sjå kva artiklar som er leste, utan å veta kven som spør. Men ut i frå dette kan me anta at også skulane nyttar kjeldene  i arbeid med lokalhistoria, som og blir ein pedagogisk metode.

Adblock Detected

Please consider supporting us by disabling your ad blocker