Ivar Andersen – Tasta Historielag
Feistein, og derfra og inn til Vågen var det fri sikt. I tillegg har det og vore eit utfartsmål for oss då me var ungar, «på Veden med mad og melk». Etter kvart som me blei eldre, nytta me den flataste delen til å spenna fotball. Det må og nevnas at området blei gitt av Rasmus Knudsen (1869-1945), som ei gåve til Hetland kommune, mot at det skal vera friluftsområde.
Planting av fåra starta i 1912, på den høgaste delen, og fram til ut på 50-talet planta 7-klassingane på Tasta skule buskfårer, spesielt på austsida mot sjøen. Der kjerka står i dag, hadde Kommedal gard, og dei nytta markene opp mot Veden til beite. Den opna markå i hadlet mot vest var utmarka til Haga, som hadde garden ved Vølstadveien.
I dag er det gangstiar på sør, vest og nordsida, og ein gangsti på austsida, med utsikt hadde vore ein flotte turvei.Byfjord skule og elevane der har tatt Veden i bruk i undervisninga. Det er flott.
Men ellers så veks det nå opp sjølsådd bjørk etter kvart som dei gamle fårene er «mette av dage», og Veden som utsiktspunkt er historie. Dette er ikkje flott. Oppfor transformatorkiosken i Fjellstigen står det og ein del lerketrær, dei fleste daue, og desse vil blåsa ned kva tid så helst.Her må kommunen rydda før det blir verre og meir usikkert.
Både einskild personar og ymse lag har tatt opp med kommunen, både direkte og via kommunedelsutvalet, at området må ryddas. Men lite og ingenting er blitt gjort så langt. Om kommunedelsutvalet skal ta saker frå folket og inn til administrasjonen, så må vel dette vera litt å ta fatt i? Eg vil anta at det gror til også i Varen, og på Høyehaugen vil det og gro til, då det er lite dyr som går på beite. Her har kommunen ein jobb å gjera, me treng desse utsiktspunkta i ein bydel som blir tettare og tettare utbygd.





