Folkeforsking for alle på Tasta, – steg for steg

sykkel ala 1889 : Stavanger Bicycleklub i Bjergsted i 1889. Fotograf: Georg T. Monsen.
Del på Facebook
Målet med denne artikkelen er å omtala Folkeforskingsprosjektet for Stavanger. Gjennom aktive deltakarar som folkeforskarar, har prosjektet som mål at eigarar av hus, gate- eigedomar og bruksnummer i heile Stavanger, skal skriva historie om heimane, familiane og forteljingane sine.

Av Tasta historielag 

Dette prosjektet vil få på plass ei interaktiv by- og bygdebok for Stavanger på den digitale plattforma lokalhistoriewiki.no. Dette skjer altså i form av eit folkeforskingsprosjekt, der folket sjølv blir inviterte til å skriva si eigedoms- og familiehistorie inn på Nasjonalbiblioteket si nettbaserte plattform for lokal historie. 

Denne internettsida blir drifta og kvalitetssikra av Norsk lokalhistorisk institutt.  

Faghistorisk prosjekt

I tillegg har prosjektet fagleg støtte til historia frå gammalt for alle gardane i Stavanger, ca. 40 gardsnummer. Denne faghistoriske delen er det UiS (Universitetet i Stavanger) som står for slik at alle områda, bydelane og gardsnummera i byen kan få si samla områdehistorie. Folkeforskingsprosjektet vil ha med alle som bur i eller har tilknyting til noverande Stavanger by. 

Gi ditt bidrag til historien

Alle blir oppfordra til å delta og skriva bidrag til ei interaktiv by- og bygdebok som kan fortelja historier og historie om bruksnummer, gateadresser og husvære i byen. Folkeforskinga har utspring i ønskje frå innbyggjarane i Hetland, Madla og Riska om å få sine eigne bygdebøker. No er desse områda deler og areal som høyrer til våre dagars Stavanger kommune.

sykkel ala 1889 : Stavanger Bicycleklub i Bjergsted i 1889. Fotograf: Georg T. Monsen.

Siddis Science 

Internasjonalt er ulike former for Citizen Science i vinden. Vårt lokale folkeforskingsprosjekt, som gjerne kan kallast «Siddis Science» om Stavangers innbyggarar, hus og heimar gjennom tidene, er eit godt eksempel på dette. Innbyggarane og alle interesserte med private arkiv, kjelder, brev, dokument og fortidsberetningar av alle slag, blir bedne med til å skriva om hus, gater, bygårder og bruksnummer dei har informasjon om. 

Privatarkiv er like sentrale som offentlege kjelder for denne storstilte skrivedugnaden.

«Steg for steg-guiden»

Guiden til historisk informasjon «Steg for steg-guiden» er slik:

Steg 1: Gå til: Kartverket.no Se eiendom

Steg 2: Bruk informasjonen frå Se eiendom om di eiga adresse, gardsnummer  og bruksnummer,gå til: Vis grunnboken

Steg 3: Bruk BankID til å få tilgang til Aktiv grunnbok

Steg 4: Send e-post til innbyggerservice@stavanger.kommune.no og bestill kopi av Målebrev for gardsnummer og bruksnummer på eigedomen din,  jfr. oppgitt dato i Aktiv grunnbok. Bestill gjerne også på nettet Historisk grunnbok

Steg 5: Gå til Digitalarkivets «Selvbetjening gammel grunnbok» og bestill Gammel grunnbok

Steg 6: Benytt Digitalarkivets «Finn kilde» til å bruka panteregister og pantebøker for gnr./bnr. du har. I panteregisteret er gitt opp tinglyste eigedomsdokument, f.eks. skylddelingar (målebrev), skøyter, lånebrev/panteobligasjonar osv. 

Panteregister gir også referansar med protokollnummer og sidetal til Pantebøkene der dei tinglyste dokumenta er skrivne av og førte inn til protokolls. 

På Digitalarkivet er også pantebøkene å finna og når dei tinglyste dokumenta har fått dagboknummer kan det gjerast eigne søk på i pantebøkene. Dersom det berre er gitt opp pantebok-nummer og -sidetal, må ein bla seg fram til korrekt pantebokside og finna dokumentet ein leitar etter.

Stega vidare:

Folketeljingar, kyrkjebøker, branntakstprotokollar og andre offentlege protokollar ligg på Digitalarkivet. I tillegg er Nettbiblioteket.no ein stor ressurs for å søkja opplysningar i aviser, bøker og trykksaker etter gater, personar og hendingar osv. 

Artikkelen er eit utdrag av Nils Olav Østrem`s  artikkel i Stavangeren 1/24 (Byhistorisk Forening sitt magasin) «Folkeforskingsprosjektet forStavanger – om Valgjerd i Brønngata 58 og Olene og Anna i Bekkegata 2»

Litteratur

– Rogaland fylke: Adressebok for likningsåra 1953-1954.

– Rogaland fylke: Adressebok for likningsåra 1955-1956.

– Rogaland fylke: Adressebok for likningsåra 1957-1958.

– S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger 1961, S.M. Brydes Forlag, Oslo.

– S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger 1963, S.M. Brydes Forlag, Oslo.

– S.M. Brydes gatefortegnelse for Stavanger 1965, S.M. Brydes Forlag, Oslo.

– Stavanger adressebok: Adressekalender for Stavanger 1930, Stavanger kommune.

– Stavanger adressebok: Adressekalender for Stavanger 1931-1932, Stavanger kommune.

– Stavanger adressebok: Matrikkel over Stavanger med skattetakster 1942-43, Stavanger kommune.

– Stavanger adressebok: Stavanger adressekalender og Rogaland industri 1940-1941, Stavanger kommune.

– Stavanger adressebok: Stavanger adressekalender og Rogaland industri 1942-1943, Stavanger kommune.

– Stavanger kommune: Stavanger skattetakst. Matrikkel 1966, Stavanger 1966.

– Stavanger kommune, Informasjon om Stavanger, Stavanger 1981.

 

Adblock Detected

Please consider supporting us by disabling your ad blocker