På 50-talet og utover på 60-talet var det svert alminnelig at folk hadde et relativt stort bilde på veggen, et luftfoto av eiendommen, huset eller garden, der og sjølsagt naboeiendommar og merker i landskapet var med.
På bildene stod det gjedna «Med enerett Widerøe Flyveselskap», det var de som hadde vært i luftå og tatt bildene, og som deretter gjekk på dørene og spurte om me ville kjøpa.
Som ein del av det arbeidet med holde på med i historielaget, spør me om å få låna disse bildene for ein periode. Me vil registrera de, og om ikkje lov om opphavsrett står i veien, vil me skanna de for arkivering.
Men, tanken er og å laga ein fotoutstilling som me vil henga opp på Tastasenteret. Endringane her ute i det som var ei bygd, og som nå er ein bydel, er store, og me trur det vil vera kjekt for både gamle og nye folk på Tasta og se koss det såg ut rundt om på det som var fira gardar: Øvre Tasta, Nedre Tasta, Høie og Finnestad, med ein del bruk på kvar av disse.
De som har disse bildene, som vel muligens i dag er degraderte til kjellaren eller garasjen, bes ta kontakt med oss i historielaget, så vil med arrangera henting når me har fått innmelding fra alle de som me håpe og trur har disse bildene.
Kontakt: post@tastahistorielag.no, telefon: 91392462, eller thor.henning.larsen@gmail.com telefon: 90901024
Tasta historielag, Ivar Andersen, leiar